
Denne artikkelen ble sendt til Bergens Tidende (BT) som et svar til en nokså krass og ensidige leder i avisen. Svaret var at de ikke kunne finne plass til innlegget.
BTs rapportering om Venezuela har vært konsekvent anti-Chavez, og tar utgangspunkt i opposisjonens ensidige presentasjon av situasjon i landet. Det er en sjelden gang at man slippe inn med et krittisk innlegg.
For en avis som er så opptatt av ytringsfrihet i Venezuela bør de gå fram med et god eksempel og tillater litt ytringsfrihet på hjemmebane! (red)
Vestleg media og Venezuela
Tek ein utgangspunkt i BT sin leiar om Venezuela, laurdag 1. desember, så følger dei mykje av den stemninga som er i mange veslege media. Dei er kritiske til president Hugo Chávez og brukar han omlag eintydande med landet. Fordi det er stort sett HAN det dreier seg om når vestleg media, inkludert BT, prøver å omtale landet VENEZUELA. Vel er han ein veldig markant og profilert person, noko pressa alltid likar å skrive om, men det går an å ta seg litt journalistisk tid til å sjå på kva er det som verkeleg hender i landet. Men det orkar tydelegvis ikkje mange i pressa, dei tek ofte dei mange feiaktige påstandane til dei store nyhendebyråa, spleisar det saman med noko avisene sjølve finn på, og trur at lesarane deira alltid likar feite bokstavar. BT har også slike tendensar, om ikkje så grove overtramp som enkelte andre norske eller utanlandske aviser gjer. Eg vil oppfordre bladet til i artiklar å setje meir søkeljos på opposisjonen i Venezuela, spesielt deler av den og deira skitne triks. For kva er meininga med så meiningslaus ubalanse i framstillinga om Venezuela, der opposisjonen får brøkdeler av kritikken? Veit journalistar eigentleg kva opposisjonen har prøvd seg på i den tida Chávez har vore president, eller vil dei ikkje vite det?
I ein artikkel i BT, 4. desember, vert det skreve om historia til Chávez, men også her er fordreiinga merkbar når det vert skreve om kva lærdom presidenten skal ta etter valnederlaget. Då gjentek Frank Rossavik (som har skreve både leiaren og artikkelen) at Chávez gjerne vil verte attvald resten av livet. Eg forstår enno ikkje kvifor det ikkje går an å sjå realitetane bak reformframlegga. Det er ikkje Chávez som "evig president" som skulle stå i konstitusjonen, men mogelegheita til fleire periodar enn to. Men han måtte veljast av folket først! Akkurat som det ER mogeleg i Storbritannia, Frankrike, Italia, Sverige OG Noreg, osb. Er det diktatur i desse landa?
Ein annan påstand er at presidenten har lurt inn i framlegget kontroll over sentralbanken. Det er ikkje han personleg som skulle vera "onkel Skrue", men tanken var meir offentleg kontroll, ikkje så fristilt frå styresmaktene som vår bank er.
Til slutt påstandane om at desse såkalla "diktatoriske" framlegga var i ei pakke til folket i "glansa" papir. Der t.d. betre arbeidstilhøve for tilsette også utanfor statsbedriftene, lågare stemmerettsalder (16 år), normalarbeidsdag ned til 6 timar, styrking av demokratiet på arbeidsplassen med arbeidarråd, antidiskrimineringslover og til og med grunnlovsfesting av økonomisk støtte til opposisjonen, berre var til for manipulering. Kva om desse faktisk var eit framlegg om betre sosial-økonomiske og inkluderande deltaking i samfunnet? Om ein orkar lese i lovframlegget, finn ein dette i artikkelform.
No tapte lovpakka avtemninga med 51 prosent. Det tåler eit demokrati som Venezuela. Spørmålet vert om pressa vår tåler nye forsøk på inkluderande tiltak for det venezualanske folket. Dei treng då truleg "ei bøtte med kaldt vann i hodet" sjølve!
Ivar Jørdre, medlem av Venezuela-nettverket i Bergen