lørdag 8. desember 2007
Vestleg media og Venezuela
Denne artikkelen ble sendt til Bergens Tidende (BT) som et svar til en nokså krass og ensidige leder i avisen. Svaret var at de ikke kunne finne plass til innlegget.
BTs rapportering om Venezuela har vært konsekvent anti-Chavez, og tar utgangspunkt i opposisjonens ensidige presentasjon av situasjon i landet. Det er en sjelden gang at man slippe inn med et krittisk innlegg.
For en avis som er så opptatt av ytringsfrihet i Venezuela bør de gå fram med et god eksempel og tillater litt ytringsfrihet på hjemmebane! (red)
Vestleg media og Venezuela
Tek ein utgangspunkt i BT sin leiar om Venezuela, laurdag 1. desember, så følger dei mykje av den stemninga som er i mange veslege media. Dei er kritiske til president Hugo Chávez og brukar han omlag eintydande med landet. Fordi det er stort sett HAN det dreier seg om når vestleg media, inkludert BT, prøver å omtale landet VENEZUELA. Vel er han ein veldig markant og profilert person, noko pressa alltid likar å skrive om, men det går an å ta seg litt journalistisk tid til å sjå på kva er det som verkeleg hender i landet. Men det orkar tydelegvis ikkje mange i pressa, dei tek ofte dei mange feiaktige påstandane til dei store nyhendebyråa, spleisar det saman med noko avisene sjølve finn på, og trur at lesarane deira alltid likar feite bokstavar. BT har også slike tendensar, om ikkje så grove overtramp som enkelte andre norske eller utanlandske aviser gjer. Eg vil oppfordre bladet til i artiklar å setje meir søkeljos på opposisjonen i Venezuela, spesielt deler av den og deira skitne triks. For kva er meininga med så meiningslaus ubalanse i framstillinga om Venezuela, der opposisjonen får brøkdeler av kritikken? Veit journalistar eigentleg kva opposisjonen har prøvd seg på i den tida Chávez har vore president, eller vil dei ikkje vite det?
I ein artikkel i BT, 4. desember, vert det skreve om historia til Chávez, men også her er fordreiinga merkbar når det vert skreve om kva lærdom presidenten skal ta etter valnederlaget. Då gjentek Frank Rossavik (som har skreve både leiaren og artikkelen) at Chávez gjerne vil verte attvald resten av livet. Eg forstår enno ikkje kvifor det ikkje går an å sjå realitetane bak reformframlegga. Det er ikkje Chávez som "evig president" som skulle stå i konstitusjonen, men mogelegheita til fleire periodar enn to. Men han måtte veljast av folket først! Akkurat som det ER mogeleg i Storbritannia, Frankrike, Italia, Sverige OG Noreg, osb. Er det diktatur i desse landa?
Ein annan påstand er at presidenten har lurt inn i framlegget kontroll over sentralbanken. Det er ikkje han personleg som skulle vera "onkel Skrue", men tanken var meir offentleg kontroll, ikkje så fristilt frå styresmaktene som vår bank er.
Til slutt påstandane om at desse såkalla "diktatoriske" framlegga var i ei pakke til folket i "glansa" papir. Der t.d. betre arbeidstilhøve for tilsette også utanfor statsbedriftene, lågare stemmerettsalder (16 år), normalarbeidsdag ned til 6 timar, styrking av demokratiet på arbeidsplassen med arbeidarråd, antidiskrimineringslover og til og med grunnlovsfesting av økonomisk støtte til opposisjonen, berre var til for manipulering. Kva om desse faktisk var eit framlegg om betre sosial-økonomiske og inkluderande deltaking i samfunnet? Om ein orkar lese i lovframlegget, finn ein dette i artikkelform.
No tapte lovpakka avtemninga med 51 prosent. Det tåler eit demokrati som Venezuela. Spørmålet vert om pressa vår tåler nye forsøk på inkluderande tiltak for det venezualanske folket. Dei treng då truleg "ei bøtte med kaldt vann i hodet" sjølve!
Ivar Jørdre, medlem av Venezuela-nettverket i Bergen
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Når våre etterkommere skal felle sin dom over Hugo Chavez så er det i alle fall én ting alle kommer til å være enig i. Han var ingen kjedelig mann.
Han klarer til og med å bevege hjertene og sjelene til mennesker på helt andre siden av kloden. At han tar smertelig feil i nesten alle sine beslutninger får så være. Men han gjør det i alle fall med stil.
Chavez er fremstilt som en klovn i vestlig media. Mest fordi han er en klovn. Av og til er verden enkel.
God bedring.
Likheten mellom å være ”ingen kjedelig mann” og å være en ”klovn” ligger dessverre i dine, Nadreas, og vestlige medias manglende innsikt i både mannen Chávez og prosessen i Venezuela. Alle med en modikum av intelligens vet at virkeligheten er mye mer kompleks en disse lett anvendte adjektivene. (men dessverre er virkelighet noe som interesser Nadreas og Co. svært lite!)
Det vi har sett de siste 8 årene er at en liten maktelite i Venezuela, USA og en del allierte land, har drevet en bevist kampanje for å fremstille Venezuela under Chávez som en kvasidiktatorisk, menneskeretighets- og ytringsfrihetsbrytende land.
Dette er egentlig ikke et så stort problem, disse latterlige påstander har blitt avslørt så mange ganger at det begynner til å bli kjedelig. Man må vente slikt fra overklassen i Venezuela, som ser at sine historiske garanterte og overflødige fordeler er truet av et forsøk på rettferdig fordeling av landets resurser blant dets fattige flertallet, og sine allierte som ser med forferdelse at sin imperialistisk kontrol over ”bakgården” smuldrer vekk.
Dette som er et problem er at folk som Nadreas, og det ukritiske og lett forledet vestlige media, lar seg manipulere av dette forsøket for å isolere og knekker eksperimentet i Venezuela.
Du påstår at Chávez ”klarer til og med å bevege hjertene og sjelene til mennesker på helt andre siden av kloden” som om det var noen form for trolldom. Men dette som ”beveger” oss er at et alternativ til den rå, nyliberalistisk utpinning av vanlige mennesker begynner å ta form og får oppslutting fra flere progressive regjeringer i regionen.
Dette som er enda verre enn Chávez ”trolldom” er at det er noen grådige, smålige (ikke å si udemokratiske) representanter for makteliten som klarer å ” bevege hjertene og sjelene til” sine likesinnende ”på helt andre siden av kloden”, som du Nadreas.
Sett deg inn i dette som foregår i landet Nadreas så slipper du å framstå som et lettlurt, nyttig redskap for andre sine interesser!
Dave Watson
Når ein skal felle ein dom, etter å ha lese ein slik kommentar så er det eín ting å einast om, at tommare ord skal ei sjå lenge etter. Bortsett frå dei liknade tomme utsagn som deler av pressa har å kome med.
Det er sannsynleg at det vestleg pressa kjem med av anti-Venezuela utsagn, gjer at folk om du Nadreas kan lire ut av deg slikt svada. Om ein prøver å undersøke litt meir bakgrunn av det som verkelg hender i Venezuela, så har ein kanskje litt meir å kome med i debattspaltene.
Det skal ikkje mykje til for å skaffe seg meir informasjon om dei reformer som har ført til ei betre fordeling av godene i et veldig ulikt land, som Venezuela framleis er. Millionar av menneske har fenge eit betre liv i dei omlag åtte år som Chávez og regjeringa har vore ved makta.
Å gjere andre til klovn grunna eit enkelt og overfladisk verdsyn, er truleg den beste måten å gjere seg sjølv til klovn på. Slikt sett har du klart det med glans, og inntil det motsette er bevist så vert vel verda di framleis enkel. Med det, god betring til deg og, Nadreas!
Ivar Jørdre
Legg inn en kommentar