mandag 3. mars 2008

Gode tips til Rossavik




Ivar Jørdre "Hugo Chávez sin forsvarar i Bergen" sitat Frank Rossavik i Bergens Tidende


Eg sender deg eit svar til Rossavik-guten eg prøvde på i BT, men som dei sa dei ikkje hadde plass til. Men skal ein ikkje få inn svar!?! (desverre er det bare i Venezuela at man forventer ytringsfrihet skal praktiseres. Red.) I alle fall, er det noko du kan sette inn i bloggen.

Gode tips til Rossavik
I BT 24. januar kom Frank Rossavik med ein kommentar til min artikkel nokre dagar før. Her omtalar han meg som Hugo Chávez sin forsvarar i Bergen. Eg får vel ta det som eit komplement. Men det er ikkje Chávez som person som er det mest interessante. Det eg prøvde å få fram og som stadig visar seg å vere vanskeleg ovanfor pressa, er prosjektet som m.a. president Chávez er med på å utvikle. Den bolivarianske prosessen, eller sosialisme for 21. århundre. Det gjeld folket i Venezuela, dei marginaliserte, fattige og ellers alle dei som aldri før i si levetid har fått vere med på å ta avgjersler, få arbeid og vere aktive deltakarar i samfunnet. Alltid har det vore eliten, dei kjemperike i lag med makta, støtta av eit rikt borgarskap, som har styrt "skuta" på sine djupt urettvise premissar.

Så er det noko som hender i Latin-Amerika. Den såkalla "venstrevinden" bles over kontinentet. Men det er spesielt tre land, Venezuela, Bolivia og Ecuador, som prøver på reelle systemendringar. I form av nye konstitusjonar som skal gje innbyggarane ei betre fordeling av ressursar, økonomisk rettferd og deltakande demokrati. Desse tre landa (med fleire) integrerar seg regionalt i handelssamarbeidet ALBA og Banco del Sur. Ei viktig prosess i nasjonalisering og dermed kontroll over naturressursane er også i gong. Sjølvsagt er alt dette sterkt trugande for eliten, USA og den nyliberale modellen som har dominert lenge.

Presset har dermed auka i det siste i form av (også valdlege) provokasjonar frå opposisjonen og innblanding frå USA. Faren for destabilisering og dermed tilbakeslag for demokratiseringsprosessen i regionen er reelt tilstades. Og kven er det då som taper, Rossavik? Dei millionar av mennesker som etterkvart har fenge betre livstilhøve, dei er det som taper! Den folkelige mobilisering og støtte til demokratiseringsprosessane har førebels demma opp for desse nyliberale motkreftene, men situasjonen kan fort endre seg.

Mine gode tips til Rossavik og media ellers er: Bruk meir spalteplass og tid til å sette ljoset på desse mekanismane også. Ikkje heile tida henge dykk fast i påstander om t.d. Chávez som gjennom folkerøystingar vil "lure" folket med grunnlovsreformar pakka inn i populisme. Også slike påstandar om at unntakstilstand og mediesensur skulle vere rett om hjørnet i tilfelle reformpakka vant, gjer at ein heilt misser fokus. Ville ikkje vårt eige land ha slike ting klare i tilfelle eit kupp eller liknande kunne hende. Jau, det ville me! Det er ikkje snakk om noko anna i t.d. Venezuela heller. Om t.d. media fokuserar på folkeleg motstand mot ulovleg endring av sine folkevalde styrer, så kan ein bidra til å sleppe å få slike tilstandar som me så typisk har lese om før i Latin-Amerika si historie.
Ivar Jørdre, medlem av Venezuela-nettverket i Bergen

Ingen kommentarer: