lørdag 25. oktober 2008

Kva med søkeljos på økonomiske alternativ?

Kva med søkeljos på økonomiske alternativ?
Som vanleg set ikkje "mainstream media" søkeljos på alternativeøkonomiske modellar. Heller ikkje i dei økonomiske krisetider me erinne i no. Heller ikkje BT gjer dette.
Utfordring må til...og her kjem det. Sjå på dei økonomiske ogpolitiske alternativ i Latin-Amerika! Paraguay (med sitt nyevenstrestyre i år), Equador, Bolivia og Venezuela. Alle desse landa(også Nicaragua) styrer økonomien nasjonalt og regulerar marknaden.Når propagandaen i vest går mot dette, heiter det ofte at no går detmot det glade vanvit og diktatur. Ein vil då gjerne gløyme at dette ervalgte sosialistiske demokrati som vil ha eit alternativ tilkapitalismen. Etter mandat frå folket!

Når det gjeld økonomisk styring er det akkurat det som hender i vestenno. No skrik finansfolk og utspekulerte spekulantar om seg på statleghjelp. Men ikkje før det byrjar ga til helvete med dei sjølve. Det erden store skildnaden på våre liberale og konservative land i høve tildei venstreretta i Latin-Amerika.
Mens dei har valgt ein alternativ kurs til nyliberalismen, håpar ein ivest at denne krisa berre er eit symtom og vil ga over, slik at"business as usual" kan ga føre seg på nytt.

Er det ikkje no på tide å lære litt av dette? Det er no folk kan ståopp mot dette marknadsdominerte systemet og kreve endring. Endring tileit system som set folk sine behov først, der eit deltakande demokrati(og ikkje berre val kvart 4-5 år) er med på å styrke oss vanlegemennesker sin deltaking i samfunnet. Jakta på stadig meir profitt gjeveit kaldt samfunn, det merkast, no er på høg tid med kurs mot ei nyframtid. Skal me få til dette kan me lære mykje av det som hender meddei nye økonomiane i Latin-Amerika.

Ivar Jørdre, Raudt Bergen og medlem av Venezuelagruppa

Artikkelen under kom i BT fredag 17. okt. Me treng alternative syn på den økonomiske krisa me no har, også i avisene.
Beste helsing Ivar Jørdre

Ingen kommentarer: