torsdag 1. oktober 2009

Dette innlegget kom på trykk i BA 29. september

Verdssamfunnet og Honduras
I artiklar i ulike media om Manuel Zelaya si attendekoma til Honduras, er det spesielt to påstandar som kjem fram. Det er at Manuel Zelaya ville innføre grunnlovsendringar som kunne gjere han i stand til å kunne forlengje presidentperioden sin, og at folkerøystinga var grunnlovstridig.

For det første var det ikkje ein grunnlovstridig folkerøysting Zelaya ville ha for å kunne halde fram som president. Påstanden vart avslørt kort tid etter statskuppet, og var ein del av den desinformasjonskampanjen sett i gong av kuppregimet for å rettferdiggjere deira handling. For det andre var det ein vegleiande folkerøysting Zelaya ville ha for ein eventuell ny grunnlovsgjevande forsamling og i den, moglegheita for utviding av antal presidentperiodar i ei ny grunnlov. Dagens grunnlov er frå 1982 laga i den kalde krigen si tid og midt i dei blodige borgarkrigane og militærdiktatura i Mellom-Amerika.

Under overskrifter som "Micheletti vil møte Zelaya", får ein inntrykk av at det er like partar som skal møtast til forhandlingar. Slik er det ikkje. Micheletti er ein kuppresident med dei væpna styrkar som garanti, førebels i alle fall!

Micheletti stiller urimelege krav til Zelaya om å seie frå seg kravet om attinnsetting som president og respektera valet 29. november, for å møte han. Han er den folkevalde presidenten og FN og verdssamfunnet krev han attinnsett!

Micheletti vil heller arrestera Zelaya enn å møte han. Zelaya held seg for tida inne i den brasilianske ambassaden i hovudstaden Tegucigalpa sammen med rundt 40 tilhengarar, omringa av tungt væpna militære styrkar. Kuppregimet har no fenge advarsel frå FN om ikkje å røre ambassaden. Førebels prøver kuppregimet å vinne tid. Det honduranske folk treng handling frå verdssamfunnet ikkje tomme ord!

Ivar Jørdre, Latin-Amerika Gruppa i Bergen

Ingen kommentarer: