onsdag 21. april 2010

Mer akademisk desinformasjon


I eit essay i Ny Tid, 19. mars skriv Andres O. Lid og Jemima García-Godos at i motsetnad til Alberto Fujimori i Peru og Manuel Zelaya i Honduras, valde Colombia sin president Alvaro Uribe å føye seg etter grunnlovsdomstolen, når den sa nei til eit andre attval forUribe. Og at dette er ein demokratisk siger for heile Latin-Amerika. Det er ikkje måte på korleis O. Lid og García-Godos hyller Uribe som demokratiet sin redningsmann og den sterke mann som folk vil ha meir av i Colombia. Dei kritiserar også norsk media for å skrive negativtom presisdenten sitt sikkerheitspolitiske resultat.

Det er tvilsomt når folk frå Norsk senter for menneskerettar, som det heiter, ved det Juridiske Fakultet, Universitetet i Oslo, populærerklerar ein president med mafialiknande fortid og vener. Hans forhold til dei paramiltiære gruppene er velkjent, og mange av deinæraste medarbeidarane og nokre ministrar er dømde for korrupsjon og narkotikahandel. Colombia har dei fleste interne flyktningane i verda, meir enn fire millionar menneske. Dei har stadig paramilitære grupper aktive, ikkje alle er rehabiliterte, og Uribe var den president som konsekvent har nekta forhandlingar med geriljaen FARC.

Sju colombianske militærbasar har USA fått bruksrett til etter avtale i fjor, og stadig vert menneskerettsaktivistar, studentar og fagrørsleleiarar drept. Litt av ein bragd dette, av ein "demokratiskpresident". Ettermælet til Uribe vert vel ikkje betre om han så "heroisk" sa nei til vidare makt? At Fujimori var ein ukonstitusjonell president i Peru er rett og heva over tvil. Han utførte eit "sjølvkupp" i 1992 og oppløyste kongressen og kalla inn til ny grunnlovsforsamling. I den nye grunnlova kunne han stille til attval, og han vann. Den tredje gong Fujimori prøve seg i 2000 gjekk det ikkje, han vart kasta etter nokre månader. Å samanlikne dette med Manuel Zelaya i Honduras er absurd. Han gjorde ikkje sjølvkupp og han kalla ikkje inn til grunnlovsforsamling. Det artikkelskrivarane ikkje skriv er at president Zelaya vart styrta i eit militærkupp. Det eksisterte ikkje noko grunnlovsbrot! Heile greia vart dikta opp av kuppmakarane i eit forfalska avskjedsbrev. Dette somet påskot til å kvitte seg med ein president som hadde innført ein fordelingspolitikk som trua deira økonomiske interesser. Den ikkje-bindande folkelege konsultasjonen, som var utgangspunktet forkuppmakarane sin aksjon, var ikkje grunnlovstridig. Zelaya hadde heller ikkje nokon intensjon eller moglegheit til å forlenge sin presidentperiode eller stille til attval. Dette skulle vera velkjent for folk som kjenner Latin-Amerika og arbeidar med det på eit universitet. Det undrar meg også at skrivarane ser ut til å på prinsippielt grunnlag mislike at statsleiarar i det heile teke kan stille i meir enn ein periode. Er kontinuitet eit brot på folket sin vilje?

Ivar Jørdre, medlem av Latin-Amerika Gruppa i Bergen

Ingen kommentarer: