torsdag 23. juli 2009

Honduras i gamle spor ? verda ser på


Honduras i gamle spor ? verda ser på

Det er ikkje første gong det er militærkupp Honduras. I lange periodar har Honduras vært styrt av militærjuntaer. Landet sin demokratisk valde president Manuel Zelaya vart den 29. juni styrta i eit kupp og ein de-factoregjering leia av Roberto Micheletti vart sett inn. I vekene etter kuppet har den gamle makteliten verkeleg stramma reipet rundt media. Mange honduranarar var i byrjinga ikkje klar over at omverda og samtlege latin-amerikanske land har fordømt kuppet. I likheit med tidlegare militærkupp frå høgresida i Latin-Amerika er mesteparten av media i Honduras medløparar til kuppmakarane, og dermed ingen rapportering frå dei utanlanske reaksjonane. Men hovudproblemet ligg ikkje her, informasjonen kjem til folket likevel. Nei, det er vestleg media som feilinformerar om Zelaya og demoniserar nabolandet Nicaragua. Desse to landa må sjåast i samanheng.


At militærkuppet kan spreie seg til nabolanda er mogleg: Det er all grunn til å sjå stopp i vestleg bistand til Nicaragua isamband med det som hender i Honduras, meiner latin-amerika kjennarar. I Nicaragua vert Daniel Ortegas samlingsregjering diskreditert med svertekampanjar i vestlege media. Og i handling har USA kutta 62 millionar dollar i bistand, som fekk 9 EU-land til også å kutte bistanden til Nicaragua. Påskotet var uregelmessige ting ved lokalvalet sist haust. Utviklingsminister Solheim følger på med same argumenter. I staden for dette reaksjonære tiltaket bør regjeringa heller stoppe all bistand til militærstyret i Honduras inntil Zelaya kjem attende.


General Romeo Vásquez Velásquez, som organiserte operasjonen der Honduras sin folkevalde president Manuel Zelaya vart kidnappa i sin heim og sendt ut av landet har eit lite fint rulleblad. Han var på 90-talet med i ein internasjonal biltjueribande som stal luksusbilar og vart arrestert for det. Generalen studerte også ved den berykta School of the Americas, ein skule der militære vartundervist m.a. i torturmetodar og der dei utdanna folk som seinare vart kjende kuppmakarar og diktatorar i Latin-Amerika. Dette er døme på i beste fall dårleg mediaarbeid, i verste fall medvite utelating av fakta. Ein annan ting som heller ikkje kjem fram er at dottera til den chilenske avdøde diktatoren Pinochet støttar kuppet, noko medløparpressa i Honduras hyllar.


I kontrast til dette er meldingane om drap og utreinskningar. To profilerte tilitsvalde i organisasjonen ?Unificazion democratica? som m.a. har støtta president Zelaya, vart nyleg drept truleg av folk tilknyta militæret. Likevel, protestane har på ingen måte stoppa opp. Demonstrajonar også med vegblokadar vert stadig organisert og ein ser dei første teikna på at ein motstandskamp er i emning. Det honduranske folk treng konkret støtte frå omverda, ikkje nedrig stillteiande ?aksept? av eit militærdiktatur!Ivar Jørdre, medlem av Venezuela-gruppa i LAG-Bergen

Ingen kommentarer: