Oppretthald ambassaden i Caracas!
Rett før jul i fjor kom det fram at UD vil legge ned den norske ambassaden i Caracas, Venezuela. Latin-Amerikagruppa i Bergen (LAG-Bergen) er ueinig i dette og oppmodar den raudgrøne regjeringa til å oppretthalde ambassaden.
LAG-Bergen er noko overraska over meldinga om at ambassaden i Caracas vert vurdert nedlagt av Utanriksdepartementet. Hovudargumenta for nedlegginga ser ut for å vera at ambassaden i Bogota i Colombia skal etablerast på nytt og at sikkerheitssituasjonen i Venezuela vert sett på som utfordrande (kva no det måtte tyde?).
LAG-Bergen har ingenting i mot ein ambassade i Bogota, men me stiller oss kritiske og spørjande til at dei to representasjonane vert stilt opp mot kvarandre. Noreg har tidlegare vore tilstades i både Caracas og Bogota noko me bør halde fram med. Noreg har ein unik moglegheit til å dele sine erfaringar som velferdsstat med Venezuela og få deira erfaringar attende, i tillegg til kultur- og handelssamarbeid. Då er det viktig å ha ein ambassade i landet.
Venezuela er eit veldig viktig land i Latin-Amerika. Landet er ein leiande pådrivar for regional integrering og progressiv utvikling, gjennom dei sokalla bolivarianske prosessane. Dei venezuelanske styresmaktene er m.a. initiativtakarar til dei mellomstatlege organisasjonane UNASUR (Unión de Naciones Suramericanas, mellomstatleg handels- og samarbeidsunion) og CELAC (Comunidad de Estados Latinoamericanos y Caribeños, integrering av latin-amerikanske og karibiske land) som har bidrege til politisk og økonomisk samarbeid i regionen. Den regionale integreringa og oppbygginga av regionale institusjonar som ALBA (Alianza Bolivariana para los Pueblos de Nuestra América, sosial, politisk og økonomisk samarbeid i Latin
Amerika og Karibia), banksamarbeidet Banco del Sur, TV-samarbeidet
Telesur og frihandelssamarbeidet Mercosur - Venezuela er medlem av alle - har utan tvil bidrege til stabilitet, samarbeid og fred i Latin-Amerika.
Venezuela har vore banebrytande når det gjeld rettferdig fordeling av ressursar, kamp mot fattigdom, offentleg helseteneste, utdanning og storstilt bustadbygging for fattige. Venezuela er difor eit av få land som kjem til å oppfylle FNs tusenårsmål innan 2015. Venezuela bør vera eit samarbeidsland for Noreg og ikkje nedprioritert.
Nedlegging av ambassaden kan tolkast som ei geopolitisk handling og sende negative signal til omfordelingsprosjektet i Venezuela og andre progressive land i regionen som Ecuador og Bolivia. Difor må Noreg støtte opp om den progressive utviklinga i Latin-Amerika også ved å oppretthalde ambassaden i Caracas.
Ivar Jørdre, Latin-Amerikagruppa i Bergen
tirsdag 12. mars 2013
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar